Askvoll og Holmedal IL http://www.ahil.net Fotballgruppe Fri, 23 May 2014 08:35:47 +0000 nb-NO hourly 1 http://wordpress.org/?v=3.9.2 G13/14 – Siger mot Førde 1 http://www.ahil.net/?p=2835 http://www.ahil.net/?p=2835#comments Tue, 20 May 2014 01:21:28 +0000 http://www.ahil.net/?p=2835 Continue reading ]]> Smågutelaget tok sin andre siger for sesongen med ein overbevisande 5-3 siger over Førde 1 på kunstgrasbana ved Førdehuset mandag. Ein måtte jobbe hardt og lenge for å sikre dette, men ein kunne tilslutt juble for siger.

Dagens mann vart Marius Vilnes Gjervik med sine tre mål, men han er då ikkje åleine. Det var ein litt vanskeleg kamp på ei umulig bane. Det har alltid vore slitsomt å komme til denne bana for klubben sine lag, men smågutane hadde brukbar kontroll over kampen, og hadde ledelsen frå dei gjekk oppi 1-0 heilt på slutten av 1.omg.

Førde yppa seg litt i starten av andre, men ein kom raskt foran med 3-1, Førde jobba for å komme tilbake og var to ganger ned i kun eit mål bak, men kvar gang dei fekk mål banka smågutane inn eit mål til for å drepe håpet. Men spennande med ein nerve av nettopp spenning hang over plassen så lenge kampen var i gang.

Men til sjuande og sist så kommer smågutane godt frå dette, dei jobber best og scorer mest, dermed går det som med folk flest som jobber mest, dei fortjener mest sigeren, og det fekk smågutane i dag!

Share ]]>
http://www.ahil.net/?feed=rss2&p=2835 0
Inspirasjonskveld med SFFK måndag 26. mai http://www.ahil.net/?p=2833 http://www.ahil.net/?p=2833#comments Tue, 20 May 2014 01:15:59 +0000 http://www.ahil.net/?p=2833 Continue reading ]]> Askvoll/Holmedal har fått til ein inspirasjonskveld med instruktør frå kretssystemet. Litt kort varsel, men allereie torsdag førstkommande blir det halde ein kveld for alle som er interesserte i å bringe barnefotballen i klubben framover.

Instruktør for kvelden er Oddvar Flataker, mangeårig trenar (b.a. for a-laget vårt) og no instruktør på mange av kursa som kretsen holder. Han kjem til klubben 26.mai, altså førstkommande måndag, vi tek sikte på å være i gang til kl 17:30.

Kven passer dette for? Alle som er trenar/lagleiar/har ønske om å bli med å hjelpe klubben framover/foreldre som ønsker innsikt. Dette blir rett mest inn mot barnefotballen, men alle som har verv i klubben kan nok plukke opp litt frå dette opplegget. Det blir ca 1,5 time med teori, så ein praktisk gjennomgang med objekt frå klubben, og tilslutt ein oppsummering. Spørsmål kan rettast til leiar Per Jan Ryland.

Velkommen!

Share ]]>
http://www.ahil.net/?feed=rss2&p=2833 0
Gutelaget tok sin tredje siger. http://www.ahil.net/?p=2830 http://www.ahil.net/?p=2830#comments Wed, 14 May 2014 23:38:29 +0000 http://www.ahil.net/?p=2830 Continue reading ]]> Gutelaget til Askvoll/Holmedal vann sin tredje strake siger i kveld, denne gangen var det Gaular som måtte reise heim med tap. Vi hadde full kontroll gjennom heile kampen, og det var eigentleg berre å telle antall mål som var utfordringa.

Dagens scoringsshow:
1-0: Sjølvmål (August), 2-0: Marius (Nikolai), 3-0: Eirik (Marius), 4-0: Tobias (Marius), 5-0: August (Nikolai), 6-0: William (Nikolai), 7-0: William (Martin), 8-0: William (August), 9-0: Øystein (William), 10-0: Marius (William), 11-0: William, 12-0: Ola (August)

Også dagens kamp starta litt rotet, ein fekk ikkje skikkeleg til spelet frå start, dette måtte justerast på plass og etterkvart kom vi godt i gang. Stillinga til pause var 4-0. I andre omgangen var det eigentleg berre å spele fotball og score mål. Alle på laget fekk godt med speletid og alle var involverte i ein god siger. Ikkje berre var ein gode framover, men ein presterte også godt bakover på bana. Ein holder nullen for første gang, godt for forsvaret og få ein skikkeleg kamp uten misser bak der.

Trekke fram Nikolai i dag, han var ikkje nøgd med ikkje å ha scora sjølv, men han er nestsist og tredjesist på mange mål. Han har eit overblikk som få andre og spelar fram andre med gode pasninger. Vil seie at det er vel så viktig å være nestsist eller være den som slår døropner pasningen. Eit ferdigscora mål kan alle score, men å få løysinger og slå gode pasninger det er litt verre.

Etter at ein har spelt 1/4 av kampane våre denne sesongen ser vi 30-8 i målforskjell, utfordringen blir å holde oppe utover sesongen, neste motstander blir heimekamp mot Hyllestad 7`ar.

Share ]]>
http://www.ahil.net/?feed=rss2&p=2830 0
Smågutane tapte for Florø http://www.ahil.net/?p=2828 http://www.ahil.net/?p=2828#comments Mon, 12 May 2014 22:00:10 +0000 http://www.ahil.net/?p=2828 Continue reading ]]> Askvoll/Holmedal sitt smågutelag var mandag til Florø og spelte kamp, denne gangen var naturleg nok Florø motstander. Det vart ein jamn og spennande kamp, der Florø trakk det lengste strået tilslutt.

Etter sist vekes knusande 12-0 siger over Førde 5 vart det i kveld tøffare for smågutane. Dei spelte mot eit balltrillande, fintspelande og gjennombruddshissig heimelag. Vi hang godt med i store deler av kampen, og trenar Kristian Ask var godt nøgd med innsatsen til sine gutter etter kampen.

Men Florø var betre resultatmessig i dag, det var ikkje så mykje å seie om det i grunn, dei scora tre mål, vi scora eit mål ved Steffen Heggøy. Sånn blir det tap av, og i dag var det nok eit fortjent tap og. Men det er som Kristian seier, kjekkare med jamne kamper der ein må kjempe, men kamper der alt handler om kun å score så mange mål som mulig. I dag fekk ein altså ein peikepinne på kor gode Florø og dei beste lag er, det vart tap, men ein vart aldri rundspelt. Ein god kamp av smågutane, men Florø var hakket betre.

Share ]]>
http://www.ahil.net/?feed=rss2&p=2828 0
5.div: AHIL – Eikefjord 1-3 (1-1) http://www.ahil.net/?p=2826 http://www.ahil.net/?p=2826#comments Fri, 09 May 2014 23:08:02 +0000 http://www.ahil.net/?p=2826 Continue reading ]]> Askvoll/Holmedal tok i mot Eikefjord på kunstgrasbana i kveld. Det vart ein jamn og spennande kamp der corner fekk ein avgjerande betydning. AHIL best i starten, EIL beste i slutten av denne kampen.

Askvoll/Holmedal hadde gjort nokre småforandringer på laget frå sist, tilbake på laget var Andreas Rivedal, mens Simen Nilsen måtte ta plass på benken frå start. Ellers hadde ein fullt mannskap og var klare til kamp. I dag var alt lagt til rett for siger, ei nyslådda banen, pent vær og eit tent heimelag. Men så var det bortelaget og deira tru og vilje til å ødelegge då.

AHIL kom beste i gang, og allereie etter 7 minutter fekk Ruben Loftheim ballen frå nestennabo Espen Ask, førstnemnde fann enkelt fram til nettmaskene og 1-0 til heimelaget. Kampen var jamn og bølgja, Eikefjord hadde sine skudd og sjanser, AHIL hadde tilsvarande. Ingen av laga fann fram verkeleg storsjansane, men Eikefjord var nærmast etter frispark, men Selvik i målet redda meisterleg headinga. Vi må fram mot slutten av omgangen for å finne noko stor action igjen, denne gangen var det Eikefjord som utnytta ein forsvarsfeil av AHIL, dermed var det også over og ut for ledelsen til AHIL. Mathias Knapstad straffa oss brutalt og vi var like langt. Stilling sto seg til kvilen.

Etter pusten i bakken var det AHIL som kom godt ut av startblokka, men dommaren blåste Kristian av for offside når han kom åleine med keeper og scora sikkert, dermed fekk vi ikkje den busten som ein kunne trengt. I staden får Eikefjord corner, og der klarer ikkje AHIL og få vekk ballen. Eikefjord går i ledelsen etter litt klabb og babb. Corner er mål, tydelegvis. Og at corner verkeleg er mål fekk vi sjå minutter seinare, då kommer ballen frå andre sida av bana, men corneren er godt slått, Selvik slår heading nr 1 i tverrligger, men returen ender i hodet på Ørjan Midtun som scorer sitt andre mål for kvelden. 3-1 til bortelaget.

AHIL trenger mål, og vi legger om til ein tre backer bak, og vi starter å slå ballen langt, ein satser på bakrom. Eikefjord satser på å ligge lavt og har kontroll på det aller meste, AHIL skaper ikkje veldig store sjanser i denne perioden og det blir etterkvart ganske klart at Eikefjord tar med seg tre poeng heimover.

Askvoll/Holmedal har fått ein vanskeleg og treig start på sesongen, etter tre kamper står ein med 1 fattig poeng, sesongens tredje heimekamp blir mot Jotun dagen etter grunnlovsfeiringa, altså 18.mai kl 15:00

Share ]]>
http://www.ahil.net/?feed=rss2&p=2826 0
Prematch AHIL – Eikefjord IL http://www.ahil.net/?p=2823 http://www.ahil.net/?p=2823#comments Thu, 08 May 2014 22:14:12 +0000 http://www.ahil.net/?p=2823 Continue reading ]]> Eikefjord logo Askvoll/Holmedal tar i mot Eikefjord til 3.runde i 5.divisjon fredag kveld. Etter ein seriestart med 1 poeng så er vi på jakt etter årets første siger her.

Fredag venter altså Eikefjord på motsatt banehalvdel, eit lag som også dei har plukka med seg 1 poeng frå dei to første kampane, det var 1-1 heime mot Lærdal i 1.runde. Sist helg vart det 4-2 tap for Balestrand, eit lag som vi også hadde store problemer med. Laga møtes også i EIL-cup foran sesongen, då vart det 4-3 siger til Eikefjord etter eit seint straffemål av dei. I første kampen meiner dei sjølve at dei skulle vunne klart, mens dei sist helg mangla fleire sentrale spelarar. Laga var jamne i EIL-cup, so ein må rekne med ein jamn affære her også.

AHIL fekk med seg 1 poeng etter ein sterk opphenting av 1-3 underlege søndag, og fekk dermed sitt første seriepoeng denne sesongen. No er troppen fulltallig med unntak av Kim Rudi Kristiansen som er udisponibel denne fredagskvelden. Laget hadde eit lett trening i kveld for å holde det i gang før kampen fredag.

Dommar til kampen er samme som sist helg Sjur Haugen frå Dale IL, han har i allefall ikkje langt å reise til åstaden.

Kampstart blir klokka 19:00 på kunstgrasbana, tar også med at småjentelaget jakter sin tredje siger borte om Tambarskjelvar IL fredag, også denne kampen har start klokka 19:00.

Share ]]>
http://www.ahil.net/?feed=rss2&p=2823 0
Jentelaget slo Dale IL http://www.ahil.net/?p=2818 http://www.ahil.net/?p=2818#comments Wed, 07 May 2014 22:45:51 +0000 http://www.ahil.net/?p=2818 Continue reading ]]> Jentelaget tok sin andre siger for sesongen når Dale blei sendt tilbake over brua med 3-2 i sekken. I ein spennande kamp var det Askvoll/Holmedal som var best, og som hadde sjansane som kunne gjort sigeren endå større.

Kampfakta:
1-1 Miriam (Mariell), 2-1: Miriam (Mariell), 3-2: Miriam (Isabel)

Jentelaget vårt tok sesongens andre siger i kveld. Dale var meget godt med i denne kampen, men det er ingenting å seie på at det var våre jenter som tok sigeren heim tilslutt. Kampen skrifta karakter fleire ganger, Dale var i ledelsen, AHIL var i ledelsen, Dale kom tilbake og AHIL avgjorde. Ein svært spennande kamp, med god utgang.

Jentene våre prøver å spele ballen, dei prøver å bygge opp gode angrep i laget. Men dei har også enkeltspelarar som kan avgjere kampen. Miriam scorar i dag hattrick, men ho får veldig god hjelp frå medspelar som setter ho opp i situasjonane. Miriam gjere alt rett for seg sjølv og laget når ho kjem i posisjon og får muligheten til å score.

Jentelaget har fått ein god start på sesongen, dei var i Førde sist veke og vann 20-0 over Førde der inne. Dermed står ein med 2 blanke sigere og er godt i ledelsen på tabellen.

Share ]]>
http://www.ahil.net/?feed=rss2&p=2818 0
Gutelaget slo Tambarskjelvar IL http://www.ahil.net/?p=2816 http://www.ahil.net/?p=2816#comments Wed, 07 May 2014 22:39:40 +0000 http://www.ahil.net/?p=2816 Continue reading ]]> Gutelaget spelte i kveld sin første heimekamp for sesongen, ein nye opplevelse med 9`ar på dette nivået, men ingenting hindra våre gutter frå å vinne denne kampen. Resultatet blei tilslutt 7-4.

Lett regn i luften, heilt perfekt for baneforholda, ei kjapp bane. Eit motstanderlag frå Naustdal, ein a-lagstrenar som dommar, eit motivert og kampklart heimelag. Alt klart for kamp.

Kampfakta:
1-0: Eirik (Tobias), 2-1: William (Eirik), 3-1 Tobias(Nikolai), 4-1: William (Tobias), 5-2: William (Vegard), 6-2: William (Nikolai), 7-4: Tobias.

9`ar fotball med dagens banekrav og størrelse gir altfor små forhold, det blir trangt og vanskeleg å spele fotball. Ein må ha god bevegelse i laget og ein må ha spelarar som er gode på småflater. I dag var det AHIL som hadde dette, Tambarskjelvar var heldige på nokre skudd, eit skikkeleg baklengsmål etter bra spel frå motstanderen.

I dag trekk vi fram William som ein avgjerande faktor med sine mål, han får god hjelp av resten av laget, men i avslutningsfasen var William dødeleg mot Tambar sin keeper, noko som går fram av protokollen, 4 mål i dagens kamp. Heder til Jonas som gjere ein kjemperedning når kampen låg å vippa på 6-4, hindra at motstanderen kommer heilt innpå oss. Alt i alt ein grei kamp, men ein har meir å fare med fram mot Gaular kampen borte neste onsdag.

Share ]]>
http://www.ahil.net/?feed=rss2&p=2816 0
Smågutane serieopna med å slå Førde 5 http://www.ahil.net/?p=2814 http://www.ahil.net/?p=2814#comments Tue, 06 May 2014 11:11:10 +0000 http://www.ahil.net/?p=2814 Continue reading ]]> Smågutelaget fekk ein god start på sesongen når dei mandag kveld slo Førde 5 med 12-0. Etter at AHIL fekk det første målet var det berre snakk om kor stor sigeren skulle verte seie trenar Kristian Ask.

Kampen starta litt trått med stillingskrig der laga lukta litt på kvarandre, dette var før AHIL bestemt seg for å være best. Når ein hadde fått første målet som var det ingen vei tilbake for Førde 5, dei var rett og slett sjanselause, det handla kun om å begrense tapet. Stilling til pause var 4-0, mens AHIL første gav seg på 12-0 i andre omgangen. Totalt sett ein veldig god seriestart for smågutane, trenar Kristian Ask var ein nøgd mann etter sigeren, men var fullstendig klar over at dette var oppvarming før ein langt vanskelegare oppgåve neste mandag.

Og nettopp neste mandag er det bortekamp mot Florø for dinna gjengen, neste sjanse til å sjå smågutane på heimebane blir mandag 19.mai kl 19:00.

Share ]]>
http://www.ahil.net/?feed=rss2&p=2814 0
Askvoll/Holmedal – Veitastrond IL 3-3 (0-1) http://www.ahil.net/?p=2811 http://www.ahil.net/?p=2811#comments Sun, 04 May 2014 15:19:25 +0000 http://www.ahil.net/?p=2811 Continue reading ]]> A-laget tok årets første poeng etter ein sein utlikning mot Veitastrond IL på kunstgrasbana søndag. Veitastrond leda på det meste med 3-1. Men etter at keeper blei utvist so kom AHIL sterkt mot slutten og tok med seg eit viktig poeng.

Dagens kampfakta:
1-1: Kristian Ask, 2-3: Espen Ask, 3-3: Espen Ask
11`ar: Tor Erik Selvik, Rudi Aalen, Frank Ask, Ørjan Haugstad, Frode Hovden, Simen Osland Nilsen, Øyvind Undertun, Leif Helge Rivedal, Kristian Ask, Ruben Loftheim og Espen Ask.
Reserver: Daniel Skrede, Kim Rudi Kristiansen. Eirik Lien.

Askvoll/Holmedal kom sterkt tilbake og tok det eine poenget etter at dei låg under lenge i denne kampen, til pause sto det 1-0 til bortelaget. Kristian Ask utlikna for heimelaget før Veitastrond gjekk opp i føring 2 og 3-1. Veitastrond var i ledelsen, men takket være at keeperen blei utvist so fekk AHIL eit nytt momentum i kampen og kom sterkt tilbake mot slutten av kampen. Espen vart to mål scorar med AHIL sitt 2 og 3 mål i denne kampen.

AHIL kjempa godt mot slutten og fekk inn eit befriande 3-3 som skaffa laget poeng i dag. Keeperen til Veitastrond blei forøvrig utvist for å felling utanfor 16.meteren, noko som virka korrekt.

Allereie på fredag kan publikum komme tilbake til kunstgrasbana, då venter Eikefjord på oss.

Share ]]>
http://www.ahil.net/?feed=rss2&p=2811 0