Slide 0 Slide 1 Slide 2 Slide 3

Tine fotballskule 2. – 4. juli

| 0 comments

Askvoll/Holmedal IL inviterer til Tine Fotballskule på kunstgrasbana ved skulen 2. – 4. juli.

Fotballskulen tek til kvar dag kl. 10:00 og er ferdig kl.14:00. Det er lagt opp til to økter kvar dag. Mellom øktene vil det vere ein matpause, der det vert servert eit Tine produkt (t.d. juice). Matpakke er likevel nødvendig.

Onsdagen avsluttar vi fotballskulen med grilling.

I år blir det i tillegg til den tradisjonelle fotballskulen med hovudvekt på fotballferdigheiter, også eit opplegg for dei som har lyst til å stå i mål. Målvakter må skrive dette i påmeldinga.

Aldersgrenser:
født mellom 1.1.1998 og 31.12.2005

Pris(søskenrabatt):
1 barn:       500,-
2 barn:                750,-
3 barn eller fleire:      1000,-

Påmelding til Øystein Endestad
o.endestad@gmail.com
påmeldingsfrist: 28. juni.

Share

Logg inn