hovudsida sesongen om klubben fanzine diskusjon/konkurransar gjestebok kontakt oss
Vinnar av resultatkonkurransen:
Ingen
(Som tippa 4-6 i kampen Askvoll/Holmedal IL - Førde IL 2)

Neste AHIL-kamp i 4.divisjon:
11/9 kl. 14:00
Askvoll/Holmedal IL - Syril IL
resultatkonkurransen

Tabell 4.divisjon 2010:
  Lag Mål P
1 Saga FK 61-22 41
2 Eikefjord IL 36-21 33
3 Kaupanger IL 36-18 31
4 Syril IL 41-46 26
5 Veitastrond IL 46-42 25
6 Lærdal IL 27-36 25
7 Førde IL 2 41-38 24
8 Årdal FK 2 48-49 22
9 Askvoll/Holmedal IL 37-37 19
10 Skavøypoll IL 32-52 17
11 Selje IL 22-41 9
12 Gaular IL 29-54 6

Siste i diskusjonsforumet
Innlegg Tid
Då er det Ha...
av: Trond Jensen
tema: Ahilkupongen runde 26
09.02.2009 20:15
Neppe
av: Sergio Agüero
tema: Juniorane banka Florø, og rauk ut
09.02.2009 13:58
Jess jess
av: Alexander Jenssen
tema: Ahilkupongen runde 26
09.02.2009 13:52
06.05.2008
Hyen - Askvoll/Holmedal 2  2-1 (0-1)

Askvoll/Holmedal 2 tapte for Hyen.
Publisert 06.05.2008 av Kristoffer Helle.

Første omgang byrja med at begge lag sleit med å få kontroll på ballen, og fekk difor ikkje noko godt organisert spelt. Mange lange ballar frå begge lag og mange duellar i byrjinga.

10 min ut i kampen, får vi eit frispark på omlag 25 meter. Kristoffer Helle vil prøve å gjere slik som Villa plar gjere, men han synte at han ikkje skal ta fleire frispark i år.

Ole Martin Mandelid bytar med Håkon Jacobsen etter 23-24 min.

Etter 25-30 minutt får vi eit frispark omtrent midt på bana. Jan Erlend jagar spelarane opp i feltet, og legg ein nydeleg ball med silkefoten sin på bakerste stolpe, der ventar Håkon Jacobsen. Han ser keeper er på veg mot bakre stolpe, og headar difor ballen kontrollert i motsatt hjørne. Pent mål, og ein nydeleg assist av Jan Erlend.

Etter målet og fram mot pause kontrollerte vi kampen eigentleg greit. Det var ein gang då Hyen slo i bakrommet vårt, og litt kommunikasjonkluss mellom back og Frank førte til at Frank ikkje fekk ballen i fast grep då han møtte. Jan Erlend måtte da klarere til corner, men ballen hadde ei svært ekkel kurve på veg mot mål. Heldigvis gjekk den over.

Ein stor honør til Kristoffer Vårdal, Vegard Stølen og Ørjan Haugstad på sentral midtbane. Dei tok ned ballen og hadde mange fine trekk saman, og gav mange gode stikkballar til spissen og kantane våre. Det var ikkje lett å få kontroll på ballen på grusbana til Hyen, men dette klarte desse gutane våre lett!

Bakover på bana hadde vi grei kontroll på Hyen i 1 omgang.

Etter pause var det Hyen som var mest tent. 10 min var gått da ein Hyen-angripar kjem forholdsvis lett igjennom og inn i 16meter vår. Jan Erlend tar ifrå han ballen på kjent vis, men dommaren peikar då på straffemerke. Stillinga blei då 1-1.

Etter utligninga tar vi over igjen, og har mange gode sjansar. Den største sjansen fekk Vegard Stølen da han blir spelt igjennom, går forbi ein forsvarar og plasserar ballen 1-2 cm utanfor stolpen. Rett før hadde han ein sjanse på volley som gjekk halvmeteren utanfor krysset.

Erling Endestad (som forøvrig fyller 5% år på fredag) kjem innpå 20 min før slutt! Den karen held seg godt, han mangla det berykta Erling-rykket som han hadde på 80-tallet, men viser at dei som skal møte han på Nordsjø-cup i mai absolutt har noko å frykte!

15min før slutt slår Hyen ein ball mot kantspelaren sin, som Kristoffer Helle klarar å springe opp. Han skjermar ballen ut over dødlinja, men dommaren bles. Vi blir litt oppjaga då, for alle såg at det ikkje var corner! Men dommaren peikar nok ein gong på straffemerket!

1 første omgang var dommaren god, og fram til denne siste straffa - det skal han ha! Men etter denne straffa og fram mot kampslutt, så har eg ikkje lov å skrive kva eg synest om dommaren sin jobb.

Etter målet jaga vi vårt andre mål, og på eit frispark var Håkon nok ein gang på bakre og holdt på å få nettkjenning. I ein duell med keeperen til Hyen fekk Kristoffer Helle gult. Stian Nilsen raidar høgresida og blir takla gang på gang, da han vinn tilbake ballen med same mynt resultera det i gult. Ørjan Haugstad tråkkar ordentlegt til i ein duell rett etter, og nok ein gang rotar dommaren nedi brystlomma, og dreg opp det gule kortet.

Litt frustrasjon pregar oss i sluttminutta, men bort i fra det, så gjer vi ein svært god kamp.

Det blir berre nesten, og Hyen vinn 2-1.

Markus og Tor Erik bytta på å være angripar. Dei gjorde ein god jobb der framme! Ein såg at Hyen-forsvaret ikkje var vant med å bli jaga av hissige angriparar!

Frank Eimhjellen spelte ein svært god kamp idag. Ved fleire høve på coner plukka han ballen sikkert ned, og satte spelet snøgt igang. Han hadde i tillegg eit par svært kvalifiserte redningar!

AHIL2 er eit svært ungt, og spanande lag! So eg oppmodar alle som kan til å komme på Hilvang når vi spelar!

 

Dersom nokon skulle være interessert i Hyen sitt syn på kampen, så sjekk ut sida deira:

http://www.hyenfotball.com



Kampfakta:
Hyen - Askvoll/Holmedal 2  2-1 (0-1)

Målskårarar:
0-1 Håkon Jacobsen

Laget til AHIL:
Frank Eimhjellen, Stian Nilsen, Jan Erlend Haugen, Frode Hovden, Tor Erik Selvik, Ørjan Haugstad, Ole Martin Mandelid, Vegard Stølen, Kristoffer Vårdal, Markus Rivedal Haaland, Erling Endestad Håkon Jacobsen

Gule kort:
Ørjan Haugstad, Stian Nilsen, Kristoffer Helle

Raude kort:


AHIL sin beste spelar:
Frank Eimhjellen
<< tilbake til kampreferatliste
Kven rykker opp?
Saga
Eikefjord
Askvoll/Holmedal
Kaupanger
Lærdal
Veitastrond
Andre lag
Vis resultat

AHIL-EKSTRA

For statistikker og litt meir utfyllande informasjon om 4.divisjon og a-laget stikk innom desse AHIL-sidene!
HER 

Administrasjon av sida:
Brukarnamn:
Passord:
Askvoll og Holmedal IL, fotballgruppa, v/Øystein Endestad, 6980 Askvoll, E-post: o.endestad@gmail.com