|
|
| hovudsida |
sesongen |
om klubben |
fanzine |
diskusjon/konkurransar |
gjestebok |
kontakt oss |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
4.plass i KM
Småjentelaget tapte bronsefinalen etter ekstraomganger mot Førde i ettermiddag. 2-2 var stillingen etter ordinær tid, i ekstraomgangen fekk Førde lurt inn eit mål vann kampen 3-2 Publisert 06.03.2010 av Øystein Endestad.
Laget fekk ein god start med siger 1-0 over Bjørn i den første kampen i gruppespelet, deretter vart det kamp mot Balestrand.
Kampen mot Balestrand var prega av at AHIL var det beste laget, men dei fekk ikkje ballen i mål. Det gjorde Balestrand etter eit innspark, som keeper var uheldig å kom borti. Dermed vann Balestrand denne kampen med 1-0 melder Bjørn Magne Solheim, laget sin trener.
I siste kampen måtte jentene vinne for å gå vidare, det gjorde dei også med glans, 3-1 sigeren over Stryn gav dei retten til å spele om medaljene i KM
I semifinalen leda jentene våre når det gjensto 40 sekunder, då scora Høyang og fekk ekstraomganger. I ekstraomgangen scora Høyang og gjekk dermed vidare til finalen. Dette var surt er kommentaren frå trenar Bjørn Magne Solheim som altså måtte sjå sitt lag miste finaleplassen på oppløpet i semifinalen!
Kampen den var jamn den fortsetter Solheim, han føler laget hadde god kontroll, men at dei var uheldige mot slutten av kampen og i ekstraomgangen!
I bronsefinalen vart altså Førde tilslutt for sterke og dei kunne juble for bronsemedaljer i årets KM.
I morgon spelar junior damelaget vårt KM-sluttspel i Nordfjord!
<< til hovudsida
|
|
|
|
AHIL-EKSTRA
For statistikker og litt meir utfyllande informasjon om 4.divisjon og a-laget stikk innom desse AHIL-sidene! HER
|
|
|
|
|
|
|