Alle skal inkluderast

Alle skal være med

Alle barn og unge i AHIL skal bli inkludert!

Ein skal kunne delta på turneringar, kunne reise og være med på sosiale tilstelningar uavhengig av privat økonomisk situasjon.

Formål

Inkluderingsfondet har som formål å gje barn og unge, medlem av AHIL, høve til å kunne delta på aktivitetar saman med laget sitt, som ein ellers ikkje ville hatt grunna private økonomiske forhold.

Fondet kan og nyttast til støtte til innkjøp av treningsklede eller utstyr, samt dekking av treningsavgift eller medlemskontigent.

Inkluderingsfondet skal:

HØVE TIL Å DELTA

Nokre unger må være heime medan resten av laget reiser på turnering om sommaren. Medan dei aller fleste gledar seg og planlegg reisa, så er det kanskje nokre som kun må høyre om planlegginga.

Det kan være tungt gå på trening i slike periodar. Laget kjem heim med gode minner, kjekke historier, og dei har blitt ein samansveisa gjeng.

Inkluderingsfondet er til for at òg desse barna og ungdommane skal få høve til å være med, og du kan søke støtte på vegne av deg sjølv, dine barn eller andre sine barn.

Fotball og handball er døme på aktivitetar der det blir stilt krav til utstyr, treningsavgift og transport. Dette kan vere ei utfordring når målet er at alle skal ha høve til å delta jamleg i minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre. Trenden nasjonalt er at tal barn frå hushald med vedvarande låg inntekt har auka mellom 2006 og 2016. Utviklinga viser at Askvoll kommune har fått fleire barn under 18 år busett i hushald med låg inntekt. I 2017 var det 77 barn under 18 år frå hushald med låg inntekt ifølgje folkehelseprofilen for Askvoll kommune. Tal barn frå hushald med låg inntekt skjer i same periode som kommunen har ein vekst i andelen innvandrar og kan kanskje forklare ein del av auken. Samstundes har talet på einslege forsørgjarar auka.

Prat med oss

Har du spørsmål på eigne eller andre sine vegner? 

Spør oss!

All kontakt og informasjon blir behandla konfidensielt og med full diskresjon

Styret i Inkluderingsfondet i AHIL

Inkluderingsfondet til AHIL er eigd av fotball- og handballgruppa. 

Inkluderingsfondet i AHIL har eige styre. 

Henvend deg om støtte eller stønad til inkluderingsfondet

Alle trenarar og kontaktpersonar kjenner til ordninga med inkluderingsfondet i AHIL

Synest du det er vanskeleg å ta kontakt med oss i Inkluderingsfondet til AHIL? Alle trenarar og kontaktpersonar i AHIL kjenner til ordninga vår. Dette betyr at du kan prate med den personen du kjenner best, og ei henvendig om støtte frå inkluderingsfondet i AHIL kan være så enkelt som ein kort og uforpliktande prat med ein av dei

Treng du støtte, kjenner du nokon som treng støtte - eller ønsker du bidra med støtte inn i fondet?

    Namn:

    På kven sine vegne tek du kontakt?

    Tryggleik

    Tryggleik = grunnleggande faktor for trivsel og utvikling

    For at øvre verdier skal kunne bli utvikla, så må tryggleik ligge i botn. Både barn og vaksne skal være trykke på at aktivitetane som føregår i AHIL skal være i henhald til klubben sine retningslinjer og visjon. Samtlege som gjennom verv har omgang med barn og unge skal framvise politiattest uten merknad til klubben.

    Ofte stilte spørsmål

    Alle medlem av AHIL inntil fylte 18 år kan henvende seg

    Kun styret i AHIL Inkluderingsfond veit dette. All kontaktinfo blir sletta når året er omme.

    Deltaking på turnering, reiser og sosiale tilsteldningar. Kjøp av ustyr, leggskinn, overtrekkskelde mm.

    Sponsorer og viktige bidragsytarar til AHIL sitt Inkluderingsfondet