Fotballforsikringa er ei kollektiv forsikring framforhandla av NFF
Medlem i AHIL Fotball er dekka av fotballforsikringa så fremt dei har betalt medlemskontigent og treningsavgift til klubben.
Generelt.
- Fotballforsikringa 2020 gjeld frå tom 1 mars 2020 til og med 28 februar 2021.
- All kommunikasjon vedrørande fotballforsikriinga vil være elektronisk.
- Forsikringsbevis- og vilkår finn du på www.fotballforsikring.no
Forsikring av barn 0-13 år (NIF si Barneidrettsforsikring)
- Gjensidige Forsikring er Noregs Idrettsforbund sin sarmarbeidspartnar
- Barneidrettsforsikringa gjeld opp til den dagen spelaren fylle 13 år
- Barneidrettsforsikringa er inlemma i skadetelefonen
- Kravet for å være dekka av Noregs Idrettsforbund si Barneidrettsforsikring er blant anna at tiltaket der skaden oppstår skal være i regi av eit idrettslag eller klubb.
Klubbforsikringa 13-19 år
Forsikringspremien for aldersklassen 13-19 år må være betalt av klubben innan fastsatt frist, og spelarane må være registrert som aktive med lagsforsikring i Fotballens Informasjons og Kommunikasjonssystem (FIKS) for inneværande sesong.
Klubbforsikringa gjeld ikkje ved deltaking hjå private aktøra
Det er verdt å notere seg at fotballforsikringa gjennom klubb og NFF ikkje dekker skade som inntreff ved deltaking på trening arrangert av private aktørar. Spelaren som deltek der må ha eiga forsikring utanom.