Nyheite

03.03.2021

Lagspåm.elding 2021

AHIL har meldt på følgende lag for 2021 sesongen.

Seriespel:

  • Seniorlag herrer for 6 divisjon
  • Seniorlag kvinner 7ar for 4 divisjon. Samarbeidslag med Atløy.
  • 9ar J15-17.
  • 9ar og 11ar G15-17.
  • 9ar/11ar for J13-14
  • 11ar for G13-14
  • 9ar for G12.
  • 9ar/7ar for J12.
  • 7ar for G11. Samarbeidslag med Fure.
  • 7 ar for G10 og J10.
  • G9 samarbeidslag med Fure. 
  • J9

Konglerike:

  • G9 samarbeidslag med Fure. 
  • J9
  • G8, J8, G7, J7, G6 og J6

Digitale Grasrottrenarkurs i februar

I ei tid med begrensa moglegheiter til å samlast, vil NFF Sogn og Fjordane sette opp digitale trenarkurs på Teams. Vi ser denne tida som ei fin moglegheit til å auke si eiga formelle kompetanse når det gjeld trenarfaget.

E-læringa blir gjennomført som vanleg og teorien blir gjennomgått i virtuelle klasserom på Teams. Praksisgjennomføring vil bli ved eit seinare høve når smittevernsreglane tillet dette

Gå inn på lenka nedanfor og meld deg på aktuelle kurs:

Påmelding Grasrottrenarkurs

Har du spørsmål til trenarkurs, ta gjerne kontakt med KA-trenarutvikling Anders Stadheim, tel:91739936, anders.stadheim@fotball.no 

05.02.2021

Datoar for Kongleriket Miniputt-turneringar er
9 mai, 13 juni, 29 august og 19 september.

Arrangørstader blir oppsett etter påmeldingsfristen som er 1 mars for for årets miniputt-sesong 6-9 år (f.2012-2015).

Dette gjeld både for Kongleriket Miniputt-turneringane og Seriespel 9 år.

23.01.21

I veke fire og fem set idrettskretsen søkelyset på VERDIARBEID med åtte interessante webinar. Det blir korte og rett på sak innlegg på 30 minutt med opning for spørsmål i etterkant.

Her er masse interessante emner!

  • Trygg på trening
  • Rasisme i idretten
  • Paraidrett i idrettslaga
  • Kva betyr det eigentleg å være utanfor i idretten?
  • Midlar som lovar draumekroppen.
  • Ubevisst doping, når bryt ein reglane?
  • Kjønnsbalanse i norsk idrett.
  • Ung medråderett og ungt egasjement.

På desse webinara vil vi garantert får tips og inspirasjon.

20.01.21

Coronaen har ikkje sluppet taket, og vi har framleis koronavettreglar vi skal og må forhalde oss til.

Desse reglane gjeld utandørs og innandørs. Les meir her

Spond skal nyttes for registrering.

I hall gjeld same reglar som før nyttår. Inngang i garderobe. Utgang vestibyle. Sprit garderobe, utstyr og vestibyle etter bruk. Sluttar treninga di 1900, så avsluttar de 5 min før slik de er komt i vestibyle når neste gruppe kjem i hallen slik dei får byrja treninga 1900.

19.01.21

Årsmøte 11.02

Meld fra om saker som skal handsamast på årsmøtet innan 7.2

Oppdatering i høve  corona og smittevern vil være på AHIL si FB-side

 

19.01.21

Oppdatert reglar for aktivitet blandt aldersbestemt

Fra 20.01 kan barn og unge under 20 år trene som normalt i hall og utandørs. 

Sjå treningstider under klubb for tider.

Les meir om vedtaket her.