AHIL er meir enn kun fotball. Nedanfor vil finne kort info om dei resterande undergruppene.
Nettstaden til hovudlaget, kor Anne Kari Iversen er leiar, finn du her
I tillegg til gruppene du finner under, så er det fleire aktivitetar: skyting, dans, kulturskule, ballett og barnas turlag.
AHIL fotball ønsker at alle barn og unge skal være allsidig aktiv. Vi klarar ikkje ta hensyn til alle aktivitetane i Askvoll, men vi prøvar så godt vi kan å legge opp til at handball og fotballtreningar ikkje krasjar med kvarandre for same årstrinna, samt at miniputtfotballen ikkje trenar då det er barneidrett eller minihandball. Det er mange meiningar rundt dette, men slik er det.
Når det er sagt er det og eit stort press på treningstidene på kunstgrasbana. Her må vi ta hensyn til kampdagar, treningstidene til andre undergrupper, treningstidene til andre lag for å få trenarkabal til å gå opp, busstider til Kvammen og ferjetider til Atløy og Bulandet – så det er ikkje alltid det blir perfekt 🙂