Reglement

Eksterne og interne reglar og veiledningar

AHIL fotball har etablert ein del reglar og veiledningar sjølv som klubb – dette er for å sikre ein rettferdig og sunn klubbdrift, både sportsleg og organisatorisk.

Sportsplan

Her står det korleis AHIL fotball ønsker å opptre sportsleg, kva vi har fokus på ved dei forskjellige årstrinna, reglar for hospitering, turneringspåmelding osb.
SU reviderer sportsplan og styret godkjenner.

Klubblova til AHIL

Ihht til NIF skal idrettslaga ha ei klubblov. Denne er det hovudlaget som har utarbeidd og reviderar. Fram til denne er tilgjengeleg på www.ahil.no, så er det den du finn på linken under som er den siste versjonen.

Klubbhandboka

Her skal du finne svar på det du måtte lure på om AHIL fotball, sit du framleis igjen med spørsmål så er ikkje klubbhandboka tilstrekkeleg. Styret reviderer denne fortløpende, og den som du finn på linken under er den siste reviderte versjonen.

Veiledar til lagleiar

I denne er det skildra kva oppgåver ein har som lagleiar. Noko er lovfesta via NFF eller sportsplan/klubbhandboka, medan noko kun er anbefalinger eller tips. Dette for at lagleiar skal ha noko rom til å gjere denne rolla til sitt eige med eit personleg preg.

Anna AHIL fotball internt:

I arbeidet med å bli ein kvalitetsklubb, så har vi fått ein del dokumentasjon på plass: